Laurdalssætra
- annebjorkedal
- 27. mai 2020
- 2 min lesing
Dette er Noreg slik vi trudde det kunne vere. Dette er 17 mai og Mjølkesjokoladereklame og off the beaten track på ein gong. Her er gamle sæterhus og fjøsar. Dei eldste sela er dokumentert frå 1608.

I Moritsselet som ligg øvst oppe på ei høgde, er talet 1608 rissa inn i veggen. Det var Povel Torbjornsson, også kalt store Pål som bygde selet. Han bygde 19 hus åleine, og berre med øks til å hjelpe seg.
Det var sætra fram til etterkrigstida som så mange andre stader i Noreg.


Eit lite kunstig vatn som vart laga av Erling Bjørkedal og gravemaskinkøyrar Jetmund Løset gjer sitt til å skape atmosfære. Nede ved vatnet står også den gamle utedoen frå Jakobsgarden med plass til to i gongen og fin utsikt over vatnet.
Laurdalssætra var først sett opp i Langedalen, men vart flytta i si heilheit. På den fyrste plassen var det så mange underjordiske at dyra vart sjuke.
Det var eit godt stykkje arbeid - å ta ned husa og å setje dei opp på nytt, over 6 kilometer vart heile sætra flytta.
Store Paal er også flytt tre ganger etter det, av ras, og sett opp att på den nye staden der det står i dag.
Der er også Johannes - selet, Jakobs - selet, Pe -selet, Koppe- selet, Sandviks -Rselet, røysa, Nesa - fjøsen, Jo - selet, Lisje - sandviksselet, Trondebakk - selet.
Fjella omkring Laurdalen er kalla opp etter norrøne Gudar. Dette er ikkje så vanleg i Noreg. Freyhornet, LisjeToren og Store Toren er fantastiske fjell. På Felden, som er det høgste av Bjørkedalsfjella, er det funne eit steinhus med rester etter hår og negler. Ein går ut frå at der har vorte gjort offerseremoniar. Her er også ei oppkome av vatn som er vanskeleg å forklare.

Det er bilveg til Laurdalssætra med bom. Vegen er imidlertid ikkje av dei enklaste og om du ikkje har firehjulstrekk eller kraftig og høg nok bil, er det kanskje lurt å ta beina fatt. Turen oppover er ei oppleving i seg sjølv. Du vandrar i urøyvd skog med knysker på trea og lukt av forvitra jernstein, furu og lyng. Fyrste delen av turen kan du sjå ned på Laurdalselva med jettegryter. Du passerer også den gamle oppgangssaga i Bjørkedalen og startar turen ved båtsamlingane.
Turen opp er tre kilometer, og Laurdalssætra ligg på 400 moh. Fin utsikt, dyre og fugleliv så dette er ein flott søndagstur.
Laurdalen har bilveg vidare og er base for toppturar til Vesle Tor, Felden, over skaret til Dalsbygda og til Tennene og Vassendefjellet.
Bøndene i Sørdalen er stolte av arven vi forvaltar, og vi ber om at du ferdast med djup respekt til Laurdalen.
Toppturar
Laurdalen er eit flott turmål i seg sjølv. Og basecamp for toppturar
Lisjetoren:
Trollvasstinden:
Felden:
Comments