top of page

Midt i smørauget

  • Forfatterens bilde: annebjorkedal
    annebjorkedal
  • 28. mai 2020
  • 1 min lesing

Bjørkedalen har nok å by på, men vi ligg også midt i smørauget for å oppleve vestlandskysten Til Fjorden på Straumshamn er det fire kilometer, og ein kan spasere over Gullbrekka, Olavskjelda og Krossen til Kile om ein vil gjere turen spesiell. Med bil tek det under ti minutt til Straumshamn der det er fint å fiske småsei frå svaberga.



TIl Nordfjordeid tek det 20 minutt med bil. Den koselege kvite trehusbebyggelsen, strandkanten med spaserstiar, grillar og ei lita strand, Myklebustskipet, handlesenter, gravhaugar og landsbyidyllen i lag med små nisjebutikkar, klemmekrok, kjekke og smilande folk gjer landsbyen til det vi ynskjer å vise fram av Noreg på sitt beste.


Frå Nordfjordeid er det ein god times køyring til Måløy med fiskeindustri. Her kan du besøkje Kannesteinen, Kråkenes Fyr, Refviksanden og. Du kan også få med deg Stadlandet, Selje kloster og Vestkapp på same turen.


Frå Oldeide i Måløy kan du og ta ferje over til Bremangerlandet.

Vi anbefalar å gje Bremangerlandet ein dag åleine. Då tek du ferje frå Stårheim, ein halv times køyring frå Bjørkedal.

I Bremanger som er eit øysamfunn, kan du vitje Grotle og Grotlesanden som er fantastiske strender, Kalvåg og Rugsundøyna som begge er gamle handelsstader må du også få med deg.

 
 
 

Comments


Registreringsskjema

907 01 303

©2020 by VisitBjørkedal. Proudly created with Wix.com

bottom of page